Berbar datamaskin for elevar i Vg1 og vaksenopplæringa skuleåret 2015/16

Generell informasjon Vg1:
No har du høve til å skaffe deg ein ny PC eller Mac til skulestart. Hordaland Fylkeskommune subsidierer maskina slik at den blir rimelegare for deg å kjøpe.
Hordaland fylkeskommune har avtale med Atea om levering av PC og Mac til elevar som startar i Vg1 i den offentlege videregåande skulen i Hordaland. Du kan berre kjøpe ei maskin gjennom fylkeskommunen.
For å sikra levering før skulestart, må bestilling utførast innan 31. juli 2015. Etter dette vil maskina di verte levert fortløpande etter innkomne bestillingar.
Siste høve til å bestille elev-PC er 31. desember 2015.
Modellar
Standard PC-en kan nyttast på alle utdanningsprogramma og er god nok til dagleg skulebruk.
På fleire av utdanningsprogramma vert det nytta programvare som kun fungerer på Windows. For mange elevar vil PC difor vere det beste alternativet. Sjekk våre nettsider, eller ta kontakt med skulen for meir informasjon om dette.
Vaksne kan bestille grunnmodellen. For mer info - Klikk her.
Denne bestillingsportalen støtter ikkje bruk av nettbrett og enkelte nettlesarar (browser).